Undersøking: Mange seier ja til utvida abortgrense

Ein av fem nordmenn ønskjer å mjuke opp dagens abortlov. Dei vil utvide grensa for sjølvbestemt abort.

55 prosent av dei spurde i Vårt Lands meiningsmåling seier «ikkje rør» når det kjem til grensa for sjølvbestemt abort.
Publisert Sist oppdatert

– Nordmenn flest har eit konservativt syn på ein del verdispørsmål, men i denne saka har eg tru på endring, seier leiar i Unge Venstre, Sondre Hansmark.

Dagens abortlov er 40 år i haust. Vedteken av Stortinget 30. mai 1978, og trødde i kraft 1. desember same år. Abort var forbode i Norge fram til 1964, og kvinner som tok abort illegalt, risikerte inntil tre år i fengsel.

Grensa for sjølvbestemt abort er under press. I dag ligg ho på 12 veker. Mellom 12. og 18. veke må alle abortar avgjerast i nemnd.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS