UDI ventar færre ukrainske flyktningar: Planlegg for 45.000

Det har komme færre ukrainske flyktningar til Noreg enn det Utlendingsdirektoratet (UDI) først anslo, og anslaget er redusert frå 60.000 til 45.000.

Utlendingsdirektoratet (UDI) har justert anslaget for ukrainske flyktningar til Noreg.Foto: Terje Pedersen / NTB / NPK
Utlendingsdirektoratet (UDI) har justert anslaget for ukrainske flyktningar til Noreg.Foto: Terje Pedersen / NTB / NPK
Publisert Sist oppdatert

Dei ulike anslaga UDI opererer med varierer frå 20.000 i det lågaste scenarioet til 120.000 i det høgaste scenarioet. Planleggingsscenarioet, altså det UDI legg opp arbeidet sitt etter, ligg i midtsjiktet på 40.000 til 50.000 flyktningar.

– Det vi har sett dei siste vekene etter påske er ein nedgåande trend. Dei siste vekene har det komme rundt 100 asylsøkjarar om dagen i snitt, seier UDI-direktør Frode Forfang.

Han seier at sjølv om 45.000 høyrest ut som eit høgt tal, er det på linje med talet på asylsøkjarar som no kjem.

– Skulle talet vere på gjennomsnittleg 125 asylsøkjarar frå Ukraina per dag resten av året så er vi på 45.000, forklarer han.

Forfang seier at det er god kapasitet ved asylmottaka i landet dersom det skulle komme fleire flyktningar.

– Det er ein ganske vedvarande trend at ein relativt høg andel, rundt halvparten, av flyktningane bur privat i staden for i mottak. Det er veldig mykje høgare andel enn det som er vanleg for asylsøkjarar elles. Det vil seie at vel halvparten av plassane på mottaka ikkje er i bruk, seier han.

Forfang understrekar likevel at mottaksplassane og mottaka som ikkje er i bruk fungerer som ein buffer då det er meir uvisst kor mange ukrainske flyktningar som kjem.

Så langt i år det komme vel 16.000 søknader om asyl i Noreg frå ukrainske borgarar, ifølgje UDI. I tillegg har det komme litt over 1.000 asylsøkjarar frå andre land.

(©NPK)