Tyskland: EU-boikott av russisk olje kan vere på plass om få dagar
Ein europeisk avtale om boikott av russisk olje kan vere på plass om få dagar, seier økonomiministeren i Tyskland.

– Eg trur det vil komme eit gjennombrot om få dagar, sa Robert Habeck til den tyske kringkastaren ZDF måndag kveld.
Diskusjonane går framleis føre seg, men ein boikott av russisk olje er innan rekkjevidd, sa han.
Ifølgje Habeck er det berre nokre få land igjen som no har problem med boikotten – først og fremst Ungarn, som argumenterer med at EUs boikott-plan vil vere øydeleggjande for tryggleiken i energiforsyninga.
Både Ungarn, Tsjekkia og Slovakia er tilbodne å fase ut russisk olje over lang tid, men det har likevel ikkje fått Ungarn på glid. Dei har kravd eit unntak frå boikotten på minst fire år og ønskjer 800 millionar euro i EU-midlar til investering i infrastruktur for olje og gass.
Den omstridde statsministeren i landet, Viktor Orban, er ein av dei få støttespelarane Putin har i Europa.