Tysk vindmølle-eigar vil ikkje møta sametingspresidenten

VINDSTRID: To gonger har sametingspresident Silje Karine Muotka bede om eit møte med Fosen-investor. No svarer det tyske selskapet at dei ikkje vil.

Silje Karine Muotka
FEKK IKKJE SVAR: Sametingspresident Silje Karine Muotka har tilbydd seg å reisa til München for å møta det tyske selskapet Stadtwerken München.
Publisert Sist oppdatert

Det tyske selskapet Stadtwerke München er deleigar i fleire av dei kontroversielle Fosen-vindmøllene.

To gonger har sametingspresident Silje Karine Muotka bede om eit møte med styret og leiinga i Stadtwerke München. Ho har både invitert selskapet til Trondheim og Fosen, og tilbydd seg å reisa til München for å møta selskapet.

Sametinget fekk aldri svar på desse breva, stadfester administrasjonen i Sametinget.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS