Trass krise har Ap eit visst grep om veljarane
NY MÅLING: Ap klatrar på måling over sakseigarskap. – Til tross for krisa partiet står i, har Ap framleis eit visst truverd som styringsparti, seier valforskar.
KAN SMILA LITT: Statsminister og Ap-leiar Jonas Gahr Støre.
Erlend Berge
Krisa i Arbeidarpartiet har fått brei mediedekning dei siste månadane. Dårlege målingar og løynde planar om å byta ut partileiar Jonas Gahr Støre har dominert i nyheitsbildet.
Likevel har partiet framleis eit visst grep om norske veljarar. Det viser ei undersøking Norstat har gjort på oppdrag av Vårt Land.
Den kartlegg sakseigarskap – kva parti folk meiner har best politikk på ulike område. 1.052 personar har svara, undersøkinga vart gjort første veka i desember.