Tok kyrkja til retten
For første gang skal EU-domstolen ta stilling til ei diskrimineringssak mellom ei kyrkje og ein arbeidssøkar. Dommen kan påverke korleis slike saker blir vurdert i Noreg.
EU-domstolen i Luxemburg skal snart ta stilling til om ei kvinne vart diskriminert av den evangeliske kyrkja i Tyskland då ho ikkje vart kalla inn til intervju. Det er første gong retten vurderer ei slik sak.
NICOLAS BOUVY
I 2012 søkte Vera Egenberger på ei prosjektstilling i Diakonisches Werk, ei stifting knytt til dei evangeliske kyrkjene i Tyskland.
Egenberger, som er forskar og utdanna sosialpedagog, meinte ho var kvalifisert. Ifølgje utlysinga skulle den tilsette førebu ein rapport om rasisme.
Rundt ein million menneske i Tyskland jobbar i kyrkjelege diakonistiftingar.
Bestill abonnement her
KJØP