Tilbyr nordmenn surrogati i Sverige
Surrogatiformidlar vil kome nærare nordiske kundar.
Advokat Staffan Sörenson leiar Napoelon Jurister, som hjelper dei svenske kundane til Tammuz Norden som får barn ved hjelp av surrogati. Han var styremedlem i Tammuz Norden i oppstarten.
Medan helseminister Bent Høie (H) og Solberg-regjeringa balar med storrevisjonen av bioteknologilova, og dermed vanskelege medisinsk-etiske spørsmål, har ein israelsk surrogatiformidlar opna kontor i Stockholm. Hjå Tammuz Norden kan både single og par, heterofile og homofile, få hjelp til å bli foreldre.
– Dei første surrogatiavtalane er allereie signerte. Så om eit års tid må eg ordne dei juridiske sidene ved desse avtalane, fortel advokat Staffan Sörenson i Napoelon Jurister, som hjelper dei svenske kundane til Tammuz International Surrogacy som får barn ved hjelp av surrogati.
REPORTASJE: Dette foreldreparet deler hus – men har aldri vært kjærester
Bestill abonnement her
KJØP