Tilbyr babyluker for uønska nyfødde barn

Kvinner som i desperasjon vurderer å kaste den nyfødde babyen skal få hjelp. I Danmark får to sjukehus babyluker i veggen. Her kan babyar bli levert.

Tyske sjukehus fekk eigne babyluker i 2000 - her frå eit sjukehus i byen Essen. Til no er vel 500 nyfødde blitt levert i totalt 100 luker.
Tyske sjukehus fekk eigne babyluker i 2000 - her frå eit sjukehus i byen Essen. Til no er vel 500 nyfødde blitt levert i totalt 100 luker.
Leiar i Doors of Hope, Francine Phago, viser fram ei av babylukene organisasjonen har ansvaret for i Sør-Afrika. Doors of Hope blei etablert for 17 år sidan for å hjelpe kvinner som ikkje ønskjer å ta ansvaret for barna dei føder.

Raudekrossen i India har utplassert dropboksar for nyfødde. Her viser ein medarbeidar fram ein slik boks i Amritsar. Boksane har vore eit tilbod til indiske kvinner sidan 2008.
Raudekrossen i India har utplassert dropboksar for nyfødde. Her viser ein medarbeidar fram ein slik boks i Amritsar. Boksane har vore eit tilbod til indiske kvinner sidan 2008.
Publisert Sist oppdatert

Vaktmeistaren skulle rydde i ei søppelsjakt i ei bustadblokk i København. I haugen av matavfall, papir og anna søppel fann han eit barn. Ei nyfødt jente. Hjarta banka i den vesle kroppen.

To menn frå Ballerup på Sjælland skulle kaste søppel i to innsamlingskonteinarar. Mellom konteinarane fann dei ein plastpose. Oppi låg ei nyfødt jente. Også ho levde.

Funna frå 2016 og 2015 føyar seg inn i rekkja. Sidan 2004 har ein funne 14 spedbarn rundt om i Danmark som er blitt dumpa av foreldre rett etter fødselen. Seks av dei var døde. Dei åtte som levde opp, har fått adoptivforeldre.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP