Tikhanovskaja og Navanlyj favorittar til fredsprisen
Regimekritikarane Svetlana Tikhanovskaja frå Belarus og Aleksej Navalnyj frå Russland blir trekte fram som favorittar til å få årets Nobels fredspris.

Fredag 7. oktober kunngjer Nobelkomiteen kven som blir tildelt årets fredspris, og sjølve utdelingsseremonien finn stad i Oslo rådhus laurdag 10. desember.
Ein samla pris til dei to regimekritikarane toppar lista over fredsprisfavorittar hos Institutt for fredsforsking (PRIO).
– Eg trur det ville vore ein veldig sterk pris, som ville framheva krigsmotstandarane i Belarus og Russland, seier Prio-direktør Henrik Urdal til NTB.
Dei to er ingen nykommarar som fredspriskandidatar og begge har vore nominerte før. Krigen i Ukraina har aktualisert kandidaturet deira ytterlegare, understrekar Urdal.
– Dei har jo begge vore tydeleg imot krigen i Ukraina, og begge to jobbar for demokratisering av høvesvis Belarus og Russland.
Trur ikkje på Zelenskyj-pris
343 kandidatar er nominerte til årets fredspris, den nest høgaste mengda registrerte kandidatar nokosinne.
Hos bookmakerane er Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj ein favoritt til å få prisen. Fristen for å nominere kandidatar gjekk ut 31. januar, vel ein månad før Russland invaderte Ukraina.
Komiteen kunne sjølv foreslå eigne kandidatar fram til slutten av februar, så ein Zelenskyj-pris er dermed tekniske sett mogleg. Men veldig lite sannsynleg, påpeikar Urdal.
– Eg trur komiteen vil vere varsame med å gi prisen til ein statsleiar for eit land som er i krig. Sjølv om Ukraina ikkje var den aggressive parten her, så skjer det mykje i ein krig med overgrep på begge sider. Det å gi ein fredspris i ein varm konflikt er alltid litt krevjande.
– Men dersom komiteen verkeleg ønskjer å set fingeren på Ukraina-konflikten, så ville det vere bra å gi ein delt pris til Tikhanovskaja og Navanlyj.
Kampen mot Lukasjenko og Putin
Belarusiske Svetlana Tikhanovskaja har spelt ei leiande rolle i å utfordre president Aleksandr Lukasjenko og det belarusiske regimet.
Tikhanovskaja, som vart anerkjent av dei fleste vestlege land som vinnar av presidentvalet i 2020, bur no i eksil i Litauen saman med store delar av den belarusiske opposisjonen.
Den russiske opposisjonspolitikaren Aleksej Navalnyj vart i august 2020 forgifta med nervegifta novitsjok i heimlandet. Mange meiner han vart utsett for eit drapsforsøk og at russiske styresmakter prøvde å stilne han, noko Russland har avvist.
Navalnyj er dømt til ni års fengsel for ei rekkje lovbrot i ein dom som han og støttespelarane seier er politisk motivert. Han sonar i ein straffeleir i nærleiken av byen Vladimir.
Fleire andre favorittar
På andreplass over Prios fem favorittar finn vi Den internasjonale domstolen i Haag (ICJ), der spørsmålet om moglege russiske krigsbrotsverk for tida er under lupa.
– Her kan komiteen også peike i retning Ukraina-konflikten utan å vere fullt så konfronterande, seier Urdal.
Vidare har PRIO lista opp den indiske aktivisten Harsh Mander og kampanjen hans Karwan-e-Mohabbat (Karavanen til kjærleiken). Mander starta denne i 2017 som eit svar på statsminister Narendra Modis hindunasjonalistiske styre.
Vidare finn vi på fjerdeplass den uiguriske aktivisten Ilham Tohti, som sit fengsla i Kina – ein delt pris saman med Hongkong-aktivistane Agnes Chow Ting og Nathan Law Kwun-chung.
Og den siste og femte favoritten: To organisasjonar som jobbar for sanning og mot propaganda, Human Rights Data Analysis Group (HRDAG) og Center for Applied Nonviolent Action and Strategies (KANVAS).
(©NPK)