Test kan avsløre nesten alle Downs-foster

Vitskapsfolk jaktar på «risikofri» blodprøve.

Tidleg ultralyd, blodprøvar og fostervassprøve avslører i dag Downs syndrom. I framtida kan ein enkel blodprøve av mor vere nok.
Publisert Sist oppdatert

Testen vert teken av blodet til mor. Dette opnar for framtidig masseundersøking slik at alle gravide som vil ha testen, kan finne ut om fosteret har utviklingshemming eller ikkje.

Genetiske markørar som viser korvidt eit foster har kromosomfeilen for Downs syndrom, kan no identifiserast i blodet til mor. Ny forsking banar vegen for det fagfolk kallar den første haldbare testen som kan seie noko om fosterlivet, men utan å gjere inngrep som kan true fosteret.

Ni av ti. Testen er framleis på eksperimentstadiet. Den er utvikla i Hong Kong, skriv den engelske avisa The Times i nettutgåva si. I ei lita utprøving er 90 prosent av fostera med Downs syndrom blitt plukka ut. I den same testen vart 97 prosent av dei fostera som ikkje hadde Downs syndrom, korrekt identifiserte, skriv avisa.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS