Terapien braut sinnespiralen

For Elisabeth Grundnes hadde dei sinte eksplosjonane blitt vanlege. No jobbar familievernet meir målretta for å finne fleire som Elisabeth, og gi dei hjelp som verkar.

Elisabeth Grundnes bruker sommaren til å flytte inn i ny leiligheit. Flytteprosessen kunne for to år sidan blitt eit mareritt. Men no kan Elisabeth kjenne på stress og frustrasjon utan at det bikker over til sinne.

– Eg trudde eg var sint i kjernen, eg trudde det var naturleg for meg. Då er det er vanskeleg å vite at det finst ein veg ut av det. Eg har mista kollegaar, vener og kjæraste fordi eg var så lett å trigge.

Elisabeth Grundnes levde lenge med eit temperament ho ikkje klarte å halde nede. Dei minste irritasjonar kunne utløyse sinnet, og det kunne gå ut over familien.

Sist veke skreiv Vårt Land om familievernet som no arbeider meir målretta for å avdekke usunne situasjonar og vald i samtalane dei har med familiar. Dersom ein behandlar i familievernet oppdagar at raseri og sinne er ei årsak til problem i ein familie, er sinnemeistring eitt av tiltaka dei tilrår.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP