Teolog meiner det er naivt å tru at kyrkja i USA er eit politisk nøytralt rom
USA: KrF-leiar meiner Trump har godt av å bli utfordra, men forstår at appellen til Washington-biskop Mariann Budde kan bekymre nokon om kyrkja vert for politisk. Teolog meiner politisering av kyrkja ikkje er til å unngå.
POLITISERING: Dag-Inge Ulstein, partileiar i KrF, fryktar at preika til Marianne Budde kan føre til at nok ein møtestad på tvers av politiske skiljelinjer i USA forsvinn.
Terje Pedersen/NTB
I Politisk kvarter på NRK tirsdag 28. januar snakka KrF-leiar Dag-Inge Ulstein om verdiar, kriminalitet, abort – og ja – om kjønn.
Programleiar Håvard Grønli styrte intervjuet inn på at partileiaren ved fleire høve har sagt at det berre finst to kjønn, og at kjønnstematikken vart sett på spissen då Trump vart innsett som president.
Under presidentinnsetjinga av Trump som USA sin 47. president, erklærte Trump at USA frå no offisielt offisielle berre skal anerkjenne to kjønn – mann og kvinne. I den påfølgjande gudstenesta, overraska biskopen Mariann Budde med å tale direkte til Trump, og bad han om å vise barmhjertigheit overfor migrantar og skeive.