Tek imot kyrkjeasylant: – Inga enkel løysing
KYRKJEASYL: Suel Kassembo (35) har søkt tilflukt i Herøy kyrkje. – Me tek ikkje stilling til saka hans politisk. Men me held på den gamle tradisjonen med å ta imot menneske i naud, seier soknepresten i Herøy.
STØTTE: – Han har ei veldig støtte i lokalsamfunnet, seier sokneprest Solfrid Leinebø Seljås om Suel Kassembo. Under gudstenesta nyttårsaftan i Herøy kyrkje kunngjorde presten at Kassembo no er i kyrkejasyl.
Hallgeir B. Skjelstad
Starten på midnattsmessa nyttårsaftan i Herøy kyrkje blei annleis enn vanleg. Sokneprest Solfrid Leinebø Seljås har ei kunngjering, og ved hennar side står Suel Kassembo.
– Me har fått ein gjest i kyrkja i løpet av romjula, han har flytta inn i det som vi kallar kyrkjeasyl. Det er inga enkel løysing, når nokon tyr til dette, men me oppfattar at han er i naud og at dette er siste utveg for å få lov til å vere her til anken er tatt opp og rettssaka er ferdig handsama, byrjar presten.
– Me tek imot Kassembo som eit medmenneske i naud, i tråd med gammal tradisjon om at du kan søke ly i ei kyrkje. Kyrkjerommet er framleis i ei særstilling. Det betyr at då skal styresmakter og andre respektere at i kyrkjerommet skal vi halde fred. Kyrkjeasyl gjeld for heile bygget. Lukke til, Suel.