Annonse
Annonse
Sidan afghansk Taliban tok makta i Afghanistan i august i fjor, har den pakistanske regjeringa klaga over angrep i regi av Tehreek-e-Taliban Pakistan (TTP), spesielt langs den fjellrike grensa mot Afghanistan.
TTP er ei pakistansk gruppering, men med same røter som Taliban i Afghanistan. Pakistanske styresmakter skuldar også Taliban i nabolandet for å gi TTP moglegheit til å bruke afghansk territorium for angripe mål inne i Pakistan.
Dei siste vekene har afghansk Taliban mekla i forhandlingar mellom TTP og den pakistanske regjeringa.
Samtalane har fått eit nytt oppsving etter at ei gruppe pakistanarar kom til Kabul for å mekle.
Det har tidlegare vorte semje om ei våpenkvile fram til 30. mai, og ho har halde heilt til no.