Strid om politisk pynt - krev flagg på frigjeringsdagen
Sjefredaktør Vebjørn Selbekk i Dagen likar ikkje at statsrådar pyntar seg med ein fargesterk, sirkelforma pins, han etterlyser det norske flagget. – På frigjeringsdagen må dei droppe FN-pinsen.
Statsrådar som ber FN-pins på jakkeslaget: helseminister Bent Høie (H) og utviklingsminister Dag-Inge Ulstein (KrF). FN sel pinsen til alle som ønskjer å støtte opp om berekraftsmåla.
Heiko Junge
KrF-statsråd Knut Arild Hareide gjev svar på tiltale:
– Den dagen me blir oss sjølve nok, den dagen blir me fattige, seier Knut Arild Hareide til Vårt Land.
Sjølv brukar han anten ein KrF-pins, eller no i samband med frigjeringsjubileet, ein binders på jakkeslaget.