GUDSTENESTE: Kyrkjelyden Orthodox Tewadho Debre Kdusan Hawaryat samlast i kyrkjelydshuset på Bryn i Bærum kvar sundag. Avdøde patriark Antonios er alltid med på plakat i bakgrunnen.
Erlend Berge
Strid om patriark delte kyrkje i to
Lovsangen fyller salen. Dei kvitkledde syng med innleving på tigrinja. Kyrkjelyden samlar seg til eit siste, kraftfullt vers. Så er sundagens gudsteneste over. Som vanleg er ein patriark blitt æra.
Denne reportasjen vart fyrste gong publisert 4. desember 2022.
Kyrkjelyden som samlar seg i kyrkjelydshuset til Bryn kirke i Bærum heiter Orthodox Tewadho Debre Kdusan Hawaryat. Han er ein av kring 40 eritreiske kyrkjelydar i Norge. Og han er ny.
Forsamlinga blei etablert i 2021 som følgje av ein opprivande strid i ein stor kyrkjelyd. Striden som splitta éin kyrkjelyd i to forsamlingar handlar om: