Strevar med å få koshermat i fengselet
SONING: To utanlandske menn sonar dommar i Norge. Begge er jødar og ber om rett jødisk mat, men fengselet strevar med å få servert dette. Brot på religionsfridom, seier jødisk trussamfunn.
KOSHER: I Kongsvinger fengsel sit to utanlandske menn som strevar med å få nok og rett koshermat. Begge er praktiserande jødar og må ha koshermat.
Javad Parsa
Heilt sidan dei blei utleverte frå Israel til Norge i 2021, har dei to mennene kjempa for retten til å få etterleve dei jødiske matreglane – eller kosherreglane.
– Når Kongsvinger fengsel ikkje kan finne ei løysing som er akseptabel, er det eit brot på religionsfridomen, seier Michael Gritzman til Vårt Land.
– Det hadde ikkje vore vanskeleg å få til gode løysingar, men det har ein ikkje på noko tidspunkt forsøkt.