Stortingspresidenten: «Ikkje rør abortloven»
Tone Wilhelmsen Trøen åtvarar: – Flyttar vi dagens abortgrense, endrar vi samfunnet vårt.
Abortloven er 40 år i år. – Abortloven har funne sin form, seier stortingsrepresentant Tone Wilhelmsen Trøen (H). Ho avviser alle forslag som vil liberalisere abortloven.
Alf Simensen
Ho er sjukepleiaren og helsepolitikaren som blei stortingspresident. Frå Stortingets mest staselege kontor har Tone Wilhelmsen Trøen (H) overoppsynet med dei 168 andre folkevalde lovgjevarane. Vanlegvis pleier ikkje presidenten å gå ut med oppmodingar i einskilde politiske saker.
Men no klarar ikkje Trøen å teie:
– Ikkje rør abortloven.