Støre om Bibelen, Kari Veiteberg og eit dramatisk terrorangrep
VERDIKAMP: Jonas Gahr Støre vart kristen som vaksen. Han fekk verdiane sine testa då den afghanske terroristen som kunne ha drepe han, vart ein fri mann.
VEGKART: – Eg ser på Bibelen og kyrkjas historie som eit etisk vegkart i mitt liv. Men det er eg som navigerer i det livet. Eg må ta ansvar for det, seier Jonas Gahr Støre.
Erlend Berge
Dette intervjuet med Jonas Gahr Støre vart publisert 2. august i år. Me henter det fram igjen, no som det er klart at Støre truleg blir ny statsminister i Noreg.
– Sidan eg visste du kom, skal du få ein tekst av meg.
I handa har Jonas Gahr Støre seks A4-sider som han har printa ut. Ap-leiaren stiller førebudd når Vårt Land kjem på besøk.