Spår meir israelsk vin i norske pol-hyller

VIN: Vin-importør Christian Helsvig sørger for at vin frå Vestbreidda hamner i norske pol. – Me importerer vinar frå produsentar, ikkje frå styresmakter.

f
OMSTRIDDE FLASKER: Christian Helsvig er dagleg leiar i Ewine, som importerer vin merka frå Vestbreidda.
Publisert Sist oppdatert

– Basert på kvaliteten på vinar frå Israel blir det heller meir vin frå Israel i framtida enn færre, trur eg. Akkurat kva område det blir frå, blir avgjort av vinkvalitet og vårt samarbeid med produsentar, ikkje av politikk.

Det skriv vin-importør Christian Helsvig i ein e-post til Vårt Land. Han er dagleg leiar i selskapet Ewine, som importerer to vinar som Vinmonopolet merkar med opphav frå israelske busettingar på Vestbreidda.

I dag kan norske pol-kundar velja mellom 13 produkt frå Israel og israelsk-okkuperte område. Fleire tek til orde for ein boikott av denne vinen som følgje av Israels krigføring på Gaza.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS