Slik påverkar korona årets skulestart
Vener kan bli skilde når kvar klasse må halde seg for seg sjølv etter skulestart. Men for dei fleste blir kvardagen nesten normal, roar kommunar
Berre éin og éin klasse kan halde saman når skulen åpnar måndag. Korona-tiltaka i grunnskulen er på gult nivå.
Gorm Kallestad
Det er ikkje berre å storme inn i skulegarden og omfamne venene sine når haustsemesteret startar måndag. Med ein smittesituasjon på gult nivå må skulane framleis gjere tiltak for å ikkje spreie koronaviruset.
Eitt av tiltaka er at kvar klasse er ein «kohort» – ei gruppe som berre held seg til kvarandre. Det gjeld både i friminutta og i klasserommet.
– Viss ein går i 1A, og bestevenninna går i 1B, får dei ikkje ha særleg kontakt på skulen. Slike tiltak kan ein merke, seier direktør Marius Arnason Bøe ved Etat for skole i Bergen kommune.
Bestill abonnement her
KJØP