Slanka seg 30 kilo med Bibelen
Meiner å ha motbevist at slanking handlar om mosjon og kosthald.
Kurshaldar Christina Agerholm seier sjølv ho framleis er 20 kilo overvektig, men meiner likevel at Guds ord er nøkkelen til eit slankt liv.
Faksimile frå Utfordringens nettside
Christina Agerhom var 50 kilo overvektig, noko som syntes godt på den 165 centimeter høge kroppen. No held ho kurs der ho får deltakarane til å flytte fokuset frå mat og mosjon til Jesus.
Sjølv om ho framleis er 20 kilo overvektig, meiner ho at Bibelen er den rette medisinen. Agerholm har alltid streva med overvekt, men då Gud fekk forandre livet hennar så raste kiloane, fortel ho til den danske avisa Utfordringen.
I tillegg til at boka Bliv Slank med Bibelen er gitt ut, held ho kurs.
Bestill abonnement her
KJØP