Skulle ikkje betalt trygdeavgift, flyktning får tilbake over ein kvart million
MILLIONKRAV: Ein flyktning får betalt tilbake 232.250 kroner, pluss renter, frå Skatteetaten. Kvinna var i lovleg jobb, men skulle aldri betalt inn trygdeavgift.
FÅR RENTER: Seksjonssjef Lene Marie Ringså i Skatteetaten opplyser at dei som får tilbakebetalt feilaktig innbetalt trygdeavgift vil også få utbetalt renter.(Foto: Erlend Berge)
– Dette er ein skandale. Om Skatteetaten hadde villa kunne dei funne fram til alle som har betalt trygdeavgifta og betalt tilbake pengane. Men Skatteetaten har sete musestille og vona at få skulle fremje krav om tilbakebetaling.
Arne Viste er opprørt. I ei årrekkje har han hjelpt papirlause og ureturnerbare, personar som kom til Norge, søkte asyl, fekk endeleg avslag, men er blitt i landet fordi dei ikkje kan vende heim.
Viste snakkar om dei som i fleire år betalte inn trygdeavgift til staten fordi dei fekk lov til å ta løna arbeid, men som aldri skulle ha betalt ei krone, for dei hadde aldri medlemskap i folketrygda.