Skular kuttar ut turar med kvite bussar – reiser heller til Utøya og Rjukan

UTDANNING: Skular og foreldre i Oslo tolkar gratisprinsippet strengt, noko som fører til at mange ikkje lenger reiser på skuletur med kvite bussar. Utdanningsbyråden meiner regelverket er uklart, men kunnskapsdepartementet er ueinig.

Utdanningsbyråd i Oslo Kommune, Julie Remen Midtgarden.
HANDLINGSROM: Utdanningsbyråd i Oslo Kommune, Julie Remen Midtgarden, understreker at ho er for gratisprinsippet, men at ho likevel meiner det må vere handlingsrom for skulane til å gjennomføre innsamlingar og dugnad til skuleturar.
Publisert Sist oppdatert

Fleire skular som tidlegare reiste på skuletur til tidlegare konsentrasjonsleirar med kvite bussar til Polen, gjer det ikkje lenger. Grunngjevinga, ifølgje dei Vårt Land har snakka med, er ei streng tolking av det såkalla gratisprinsippet.

– I haust hadde Bøler skole sin siste tur med kvite bussar, etter dette har skuleleiarane blitt einige om at ein ikkje skal gjere dette meir. Eg tenkjer der er synd at ein har ei så streng tolking av gratisprinsippet, seier FAU-leiar ved Bøler skole, Anna Berntzen, til Vårt Land.

Ho trur også at elevane går glipp av verdifull kunnskap ved å ikkje besøkje tidlegare konsentrasjonsleirar.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS