Skal stoppe
unge frå å velje døden
Stadig fleire lærarar på vidaregåande lærer sjølvmordsførebygging.
Stadig fleire lærarar på vidaregåande skule får kurs i sjølmordsførebygging.
Berit Roald
Fylkesutdanningssjef meiner slik opplæring av lærarar er viktig; slik kan ein oppdage elevar i faresona.
– Det trengs ein ekstra innsats på området psykisk helse, seier barneminister Solveig Horne (Frp).
På Riverside ungdomshus i Oslo ventar staben ministerbesøk. Riverside er for alle ungdommar i Oslo mellom 15 og 22 år. No skal dei snart få høyre at seks statsrådar i Solberg-regjeringa har gått saman om ein innsatsplan for barn og unge.