Sirwan fekk endeleg besøka sin sjuke far – hyllar innsatsen til Ap-minister
IDENTITET: Han er ein av 645 kurdiske irakarar som har levd i limbo i Noreg. Eit program for identitetsavklaring gjer at Sirwan Nori no kan leva eit vanleg liv.
TAKKAR: Sirwan Nori (i midten) møtte arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen (Ap). Til høgre Taha Ahmed.
Erlend Berge
Sirwan Nori har budd i Noreg i 24 år. Han har opphald, men ID-problem har gjort at han har måtte leva på sida i samfunnet.
– Eg har ikkje fått bank-ID. Det har gjort det vanskeleg å betala rekningar og fleire rekningar har gått til inkasso. Sonen min fekk ikkje delta på førstegongsteneste. Eg har ikkje kunne reisa nokon stad.
Etter at regjeringa har fått fortgang i eit ID-program for kurdiske irakarar, har Sirwan Nori endeleg fått bekrefta identiteten sin. I slutten av april fekk han norsk statsborgarskap.