Sanseleg kjærleik
Ein gong, i eit land i sør, vart eg lesen høgt for. Høgsongen. Kapittel for kapittel. Eg minnest det som umåteleg vakkert.
Den vesle boka i GT er omstridd. Er ho eit erotisk skrift eller eit profetisk bilete på Kristi kjærleik til kyrkjelyden? Sikkert er det at Høgsongen talar særs vakkert om kjærleiken! Om det no er den mellom elskande menneske, eller på eit meir åndeleg nivå. Og kvifor skal det vera anten eller?
Kva seier så Høgsongen om kjærleiken? Her er litt av det:
Kjærleiken er sanseleg. Det er så mykje som skal forståast og forklarast. Men stundom kjem erkjenninga på anna vis. Det uforklarlege kan huda di kjenna og tunga di smaka. Auga ditt tar inn eit glimt av det ufattelege; øyra ditt skil ut ei røyst mellom dei mange, og hjarta ditt gløymer det aldri. Slik er kjærleiken. Som sjuk har eg opplevd å bli salva og bedt for. Å kjenna prestens finger teikna krossteiknet i panna mi med olje, gav ei sterk oppleving av min eigen dåp og av Guds kjærleik. Eg sansa eg var hans!
Bestill abonnement her
KJØP