Ryddar vekk spor av fascisme

Gateskilt blir skrudde ned. Suvenirar blir forbodne. Fotballfans blir sendt til dødsleirar. Fascistvenleg konge blir nekta æresgrav. Italia prøver seg med politisk reingjering.

Borgarmeister Virginia Raggi driv fram til valet 4. mars valkamp for protestpartiet Femstjernersrørsla. Her talar ho på Piazza di Monte Citorio, bak ruvar underhuset i det italienske parlamentet. Snart gyv ho laus på gateskilt som heidrar vitskapsmenn som signerte fascistisk manifest.

Virginia Raggi driv valkamp. For protestpartiet som er grunnlagt av ein komikar, Femstjernersrørsla (M5S). Men Romas første kvinnelege borgarmeister har bestemt seg for å ta eit alvorleg oppgjer med arv frå fascismen.

Ho skal skru ned skilt. Ho skal fjerne gammal heider. Ho vil gjere noko hennar politiske forgjengarar har styrt unna.

Roma, understrekar Raggi, er anti-fascistisk.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP