Russland returnerer til Afrika - tungt lasta med våpen

RUSSLAND I AFRIKA: Under den kalde krigen leverte Sovjetunionen særleg ideologisk skyts. No er Russland tilbake som våpenseljar. Difor står ikkje afrikanske land opp mot Vladimir Putins krig.

våpen
VÅPENGLEDE: På Russland-Afrika-toppmøtet i 2019 baud den russiske våpenfabrikanten Kalashnikov fram nye maskingeværmodellar, som kundane tykte godt om.
Publisert Sist oppdatert

Oppglødd kjæler kvinna med det skinande blanke maskingeværet, siste modell frå russiske Kalasjnikov. Ho er på Russland-Afrika-toppmøtet i Sotsji.

Forløparen, AK-47, var eit kjært våpen for mang ein opprørskrigar då det afrikanske kontinentet var oppmarsjområde for supermaktsrivaliseringa mellom Sovjetunionen og USA - under den kalde krigen.

Så kjær var AK-47 at då Mosambik, etter år med frigjeringskrig og borgarkrig, skulle få nytt flagg, så blei maskingeværet plassert i flagget saman med ei hakke. Kalasjnikov-en symboliserer kampen mot kolonialismen.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS