Røyking årsak til at menn lever kortast
Tobakk årsak til at menn lever kortare.
Røyking er hovudårsaka til at menn lever kortare en kvinner.
Roald, Berit/Scanpix
Røyking er hovudårsaka til at menn i gjennomsnitt døyr fleire år før kvinnene i Europa, viser ny forsking.
Verdas Helseorganisasjon har lagt fram tal som viser at sjukdommar knytt til røyking står for 40-60 prosent av helsegapet mellom kjønna i dei fleste landa i Europa, melder BBC i nettutgåva si.
I Storbritannia lever kvinner i gjennomsnitt fire år lenger enn mennene, sjølv om gapet er blitt mindre. I Noreg er forventa levealder for ein nyfødd gut i dag 78,6 år medan ei nyfødd jente kan leve i gjennomsnitt 83,1 år, altså kring 4,5 år i skilnad, ifølgje Statistisk Sentralbyrå.