Ropar varsko om asylhelse

Kommuneoverlegar avdekkjer at sjuke asylsøkjarar med endeleg avslag får mangelfull behandling i helsevesenet.

Sju kommuneoverlegar i Østfold fortel at kronisk sjuke bebuarar på asylmottak som ikkje har lovleg opphald i Norge også treng hjelp og oppfølging. Men kommunelegane som har ansvaret også for desse pasientane har ikkje høve til å rekvirere laboratorieprøver og få refusjon for desse, og pasientane har ikkje midlar til å betale laboratorieprøver privat.
Publisert Sist oppdatert

– Dette handlar om sømd. Vi er ikkje usamde i avgjerdene til utlendingsforvaltninga, vi berre ber om at folk som er sjuke må få eit minstemål av medisinsk behandling, slik at dei ikkje blir sjukare medan dei ventar, seier Barbro Kvaal til Vårt Land.

Ho er kommuneoverlege i Trøgstad kommune. Saman med seks andre kommuneoverlegar i Østfold har Kvaal skrive eit varselbrev til helsestyresmaktene.

Flyttar folk

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP