Røe Isaksen filleristar Aps privatskuleendring
Arbeidarpartiet vil gje kommunane ein slags vetorett mot etablering av privatskular. Det blir å setje urettferd i system, seier rektor og kunnskapsminister.
Brynhild Samuelsen er rektor ved privatskulen Tryggheim Strand i Rogaland. Her hjelper ho Ingrid Skårland med å brodere i ein kunst og handverkstime.
Erlend Berge
Sjå her, slik gjer du det. Brynhild Samuelsen hjelper Ingrid Skårland med nokre broderisting. På timeplanen står kunst og handverk. Samuelsen er rektor og Skårland er elev ved den private grunnskulen Tryggheim Strand i Rogaland.
Tryggheim Strand er ein kristen 10-årig grunnskule eigd av Norsk Luthersk Misjonssamband. Han tok i mot dei første elevane i 2014. Vegen til oppstart var ikkje lett. Strand kommune sa tvert nei til at skulen skulle bli etablert. Kommunestyret hegna om den offentlege grunnskulen.
– Men Utdanningsdirektoratet sa heldigvis ja, fortel rektor Brynhild Samuelsen til Vårt Land.