Røde Kors ber folk som skal på vinterferie, vere obs på skred og utrygg is

I delar av landet byrjar vinterferien allereie måndag. Røde Kors ber folk som skal til fjells, vere merksame på utrygg is og fare for skred.

Hjelpemannskap i aksjon ved Gaustatoppen i 2021 etter eit større skred.Foto: Telemark Røde Kors Hjelpekorps / NTB / NPK
Hjelpemannskap i aksjon ved Gaustatoppen i 2021 etter eit større skred.Foto: Telemark Røde Kors Hjelpekorps / NTB / NPK
Publisert Sist oppdatert

– Vi kan ikkje få sagt ofte nok at fjellvettreglane må hentast opp allereie i planleggingsfasen av turen, seier landsrådsleiar Kjersti Løvik i Røde Kors Hjelpekorps.

Dei ventar at mange vil ta turen ut i naturen dei kommande vekene. Også Statens vegvesen ventar normal vintertrafikk i år, etter to år med lågare trafikk i ferien på grunn av koronarestriksjonane.

– Våre frivillige er som alltid i beredskap og klare til å hjelpe til der det trengst, seier Løvik, som likevel oppmodar alle til å ta ansvar for eigen tryggleik.

Særleg ber ho folk følgje med på varsom.no og vere merksam på skredfare og usikker is.

– Den perioden vi går inn i no, er høgsesong for naturleg utløyste skred. Det betyr at snømassar kan losne og føre til snøskred som når langt utover flatare område. Akkurat no oppmodar vi alle til å vere ekstra varsame også ved ferdsel på islagde og snødekte vatn, seier Løvik.


(©NPK)