Regjeringa vil berre ha 2.000 kvoteflyktningar, seier nei til 1.000
FLYKTNINGAR: Norge klarar berre å ta i mot 2.000 kvoteflyktningar neste år, meiner justisminister Emilie Mehl (Sp).
PORTVAKT: Justisminister Emilie Mehl (Sp) og regjeringa vil berre ha 2.000 kvoteflyktningar til Norge neste år.
Ole Berg-Rusten
Kvoten har dei siste åra vore på 3.000 plassar. No meiner regjeringa at Norge berre kan ta i mot 2.000 i 2023.
«Regjeringa meiner at talet på overføringsflyktningar må sjåast i samanheng med talet på asylsøkjarar og andre innvandrings- og integreringsutfordringar i Noreg», skriv Justisdepartementet i forslaget til statsbudsjett.
Overføringsflyktningar er det same som kvoteflyktningar. Dette er grupper med flyktningar FN plukkar ut og som Norge så igjen kan ta ut kvotar frå.