Regjeringa opnar breiddeidretten for alle aldersgrupper

Breiddeidretten for vaksne over 20 år blir igjen opna for fullt. Det stadfesta regjeringa på ein pressekonferanse tysdag.

Breddefotballen for voksne har ligget brakk siden koronapandemien slo til i mars i fjor. Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB
Regjeringa opna tysdag idretten for fullt. Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB
Publisert Sist oppdatert

– No kan barn, unge og vaksne drive med fritidsaktivitetane sine utan tilrådingar om reduserte gruppestorleikar eller krav til avstand. Eg veit at mange har lengta etter det, og dette betyr mykje for den fysiske og psykiske helsa til folk, seier kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen.

Frå før var det berre toppidretten som var open for dei over 20 år, medan det i breidda har vore eit alderstak på 20 år.

Førre veke sa idrettspresident Berit Kjøll at tida var moden for å gjenopne idretten for fullt etter at den har vore nedstengd under delar av koronapandemien. Tysdag fekk ho viljen sin.

Innandørsidretten har vore meir prega av tiltak, både for barn og vaksne. Der har det vore tilrådd at gruppestorleikar blir avgrensa til 20 personar, eller etter kohort.

Det har òg vore tiltak for kampar og konkurransar for innandørsidretten.

Tilrådingane for organiserte fritidsaktivitetar og arrangement blir oppheva, heiter det i ei pressemelding frå regjeringa, og den generelle tilrådinga om 1 meters avstand skal ikkje gjelde dersom kontakt er nødvendig for å gjennomføre aktiviteten.

Endringa gjeld frå klokka 23.00 tysdag kveld.

Powered by Labrador CMS