Raudt om barnetrygd: Me ventar at SV set hardt mot hardt

FATTIGDOM: Raudt vil forby omstridd trygdegrep som gjer at barnefamiliar får kutt i sosialhjelpa. Dei vil pressa storebror på venstresida: SV.

g
STOPP: Raudt vil forby eit omstridd trygdegrep, som gjer at fattige familiar mister barnetrygda. – Eg håper den nye regjeringa tek til vitet, seier Raudt-representant Tobias Drevland Lund.
Publisert Sist oppdatert

Eit omstridd trygdegrep gjer at kommunar kan kutta i sosialhjelpa til barnefamiliar.

Rundt om i landet brukar 238 kommunar denne metoden, som sparar dei for rundt ein halv milliard kroner i året.

– Slik legaliserer me det å stela pengar frå dei som har minst. Eg håper den nye regjeringa tek til vitet, og forbyr praksisen, seier Tobias Drevland Lund, nyvald stortingsrepresentant for Raudt.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS