Annonse
Annonse
Al Haq vart for få månader sidan terrorlista av Israel, til protestar frå mellom anna Noreg. Organisasjonen arbeider for menneskerettar og internasjonal rett, og er knytt til Den internasjonale juristkommisjonen. Al Haq får framleis støtte frå Noreg.
Nyholt nominerte òg den israelske organisasjonen B'Tselem som jobbar med å dokumentere menneskerettsbrot i dei okkuperte palestinske områda.
– I ei tid der dei som kritiserer folkerettsbrotet til okkupasjonsmakta får stadig dårlegare vilkår, krev det mot å bidra til handheving av folkeretten mot israelske leiarar, seier Nyholt.
(©NPK)