Produserer mat til nesten 1.000 nordmenn: – Gjev ikkje inntekter nok til å brødfø mine eigne ungar
OPPGJER: Far til Jørund Kvaale Hansen hadde seks kyr. Sjølv har han 60. Det er ikkje nok til å få det til å gå rundt. Bønder over heile landet kom tysdag til Oslo for å demonstrera mot statens tilbod i jordbruksforhandlingane.
PROTEST: Jørund Kvaale Hansen parkerte tysdag traktoren sin framfor Stortinget saman med bønder frå heile Noreg. Dei krev storsatsing på jordbruket og protesterar mot statens tilbod i jordbruksforhandlingane.
Charlotte Førde Skomsøy
– Eg produserer mat til nesten 1.000 nordmenn, men det gjev meg ikkje inntekter nok til å brødfø mine eigne ungar ein gong.
Jørund Kvaale Hansen kikar utover Eidsvolls plass i Oslo. Til vanleg driv han gard med ammeku og gris i Setesdalen. No har han parkert traktoren sin framfor Stortinget, saman med bønder frå heile Noreg.
Tysdag kom dei til Oslo for å kreva storsatsing på jordbruket og for å protestera mot statens tilbod i jordbruksforhandlingane.