Pressar kyrkjeleiarar til å røyste ja til ny grunnlov

Kommunistregimet på Cuba legg press på kyrkjer for at dei skal godta grunnlovsforslag som ikkje sikrar religions- og trusfridomen.

«Eg støttar den originale versjonen. Familien slik Gud skapte han. Giftarmål mellom man og kvinne», står det på flagga kyrkjelyden viftar med under ei gudsteneste i ei metodistkyrkje i Havanna.
Publisert Sist oppdatert

15. februar 1976 røysta 99,02 prosent av dei røysteføre ja til Cubas nye grunnlov. Valframmøtet var på heile 98 prosent. Loven gav staten totalansvaret for religionspolitikken - og fram til 1992 var Cuba formelt ein ateiststat.

Sundag skal cubanarane på nytt gå til røystelokale for å sei ja eller nei til ein sterkt revidert grunnlov.

I år er det 60 år sidan Fidel og Raul Castro sto i front for ein opprørshær som evna å gjennomføre ein revolusjon i den vestlege hemisfæren. Brørne som var døypte som katolikkar og utdanna på jesuittdrivne privatskular, gjekk hardt til verks mot alt kyrkjeleg. Skular blei stengt, prestar forfølgde og det mektige statlege kontoret for religiøse saker fekk all makt.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP