– Det er gledeleg at ganske mange religiøse representantar kom raskt på banen og tok tydeleg avstand til valden og det som foreløpig ser ut som ei terrorhandling. Men no bør me vera klare for neste skritt: Det er på tide å snakke om haldningar til skeive i muslimske miljø.
Det seier stortingsrepresentant Hadia Tajik (Ap) til Vårt Land. Etter masseskytinga i Oslo natt til laurdag har fleire religiøse leiarar gått ut og tatt avstand frå valden. Men fleire har retta kritikk mot kor generelle utsegnene til mellom anna nokon av dei muslimske leiarane har vore.
Islamsk Råd Norge (IRN) skreiv i ei pressemelding måndag at dei fordømer angrepet på det sterkaste og at «IRN tar sterk avstand fra homohat, og står sammen med resten av befolkningen i sorgen. Islam tillater ikke å ta livet av uskyldige mennesker – om de så er homofile eller heterofile.»
Til Aftenposten sa leiar for Islam Net, Fahad Qureshi at «slike handlinger har ingen rot i islam. Det er uakseptabelt å ta livet av andre mennesker. Uavhengig av om de er homofile eller heterofile».
For Tajik er desse utsegnene ikkje tydelege nok.
– Ein ting er å ta avstand til vald og drap, men me treng å snakke om korleis skeive blir utsett for vonde opplevingar i ulike religiøse, og ikkje minst i muslimske miljø. Mange opplever utstøyting, dehumanisering, sårande ord og at deira Gud blir bruka mot dei. Det forgiftar livet deira med små drypp i kvardagen.
No ynskjer ho at muslimske leiarar kjem på banen, både i den offentlege samtala og internt i muslimske miljø.
Saknar sjølvinnsikt
På spørsmål om kva ho konkret saknar frå muslimske leiarar i etterkant av masseskytinga i Oslo, dreg ho fram eit døme frå Den norske kyrkja (DNK).
I februar skreiv alle biskopane i DNK i ei samla utsegn at dei erkjente at Bispemøtets uttalte haldningar og omtale av homofili oppgjennom åra hadde påført mange menneske skade og smerte.
– Den typen sjølvinnsikt og anerkjenning saknar eg, seier Tajik.
Likevel meiner ho å ha sett eit positivt skifte over tid, der religiøse leiarar før «måtte dragast baklengs inn i debattane», og der reaksjonen etter terroråtak eller andre valdelege hendingar der gjerningspersonen var religiøs var at det ikkje hadde noko med religion å gjera.
– Så lenge religion blir brukt som grunngjeving for hat, må me ta den grunngjevinga på alvor, seier stortingsrepresentanten.
No meiner ho mange religiøse leiarar anerkjenner at det har ein verdi at dei kjem på banen, men ho saknar eit rom for djupare samtaler om rolla religionen spelar i haldningane skeive møter i visse miljø.
[ Ber muslimsk talsperson ta oppgjer med gamle utsegn om homofili ]
Anerkjenner dødsstraff
– Men viss ein har ei tolking av ein religion der ein meiner homofilt samliv er synd, bør ein ikkje få meine det i fred, så lenge ein ikkje plagar andre?
– Det er fullt mogleg å vera konservativ muslim, kristen eller jøde utan å legitimere eller støtte terrorhandlingar. Men det er viktig å snakke om korleis haldningar legg grunn for handlingar. Det er veldig mykje som skjer før ein tyr til vald, og det bør vera i muslimars eiga interesse å ikkje tillate at Gud blir bruka til å legitimere dehumanisering eller vald, seier Tajik.
Det er viktig å snakke om korleis haldningar legg grunn for handlingar.
— Hadia Tajik
Ho meiner ein mellom anna må tørre å snakke om korleis muslimsk teologi anerkjenner dødsstraff for skeive og om korleis kvardagen er for skeive i muslimske miljø.
– Religiøse leiarar har eit særskilt ansvar for kva haldningar som får råde i deira miljø, og å sørgje for at det er rom for å snakke om desse tinga.
[ Frode Grøstad: «Hvor var de skeive prestene?» ]
Blasfemisk kritikk
Ap-politikaren skjønar godt at mange vegrar seg for å gå inn i desse debattane, då ein risikerer å bli angripen frå to ytterfløyer.
– Religionskritikk kan bli bruka som våpen av ytre høgre som gler seg over kritikk dei kan vri til noko grotesk og bruke den mot muslimar generelt. På den andre sida er det ifylgje teologien som aksepterer dødsstraff for homofile også blasfemi å kritisere denne teologien.
Å bli skulda for blasfemi kan i somme miljø skape sterke reaksjonar, og ein kan risikere å miste sin plass i miljøet. Dessutan trur Ap-politikaren at mange muslimske leiarar kjenner på avmakt i møte med den norske offentlegheita
– Dei kan ha opplevd å bli tolka i verste meining i andre debattar, noko som utløyser hat og sjikane. Det er ikkje lett.
– Likevel må muslimske leiarar sjå kva makt dei har i sine miljø, og bruke denne til å forme ei sunn og nødvendig samtale. Det er heilt avgjerande at religiøse leiarar er med på å skape det rommet, slik at skeive kan leve friare liv.
[ Kristne profiler tar oppgjør med gamle holdninger: «På tide å gå i Pride» ]