Politikk

Se direkte fra klokken 20: Utfordrer politikerne på menneskeverd, klima og bistand

DEBATT: På Forum Scene i Bergen i kveld samarbeider Vårt Land og Dagen om å presse stortingskandidatane i spørsmål som handlar om menneskeverd, bistand og klima. Og KrF får ta eit oppgjer med partiutbrytarane frå PDK og Sentrum.

Frå klokka 20 kan debatten kan følgjast her:

– Dette blir ein ideologisk debatt. Vi ønskjer å løfte fram verdisaker som ikkje får plass i andre debattar der toppolitikarane møtast, seier Alf Gjøsund.

Alf Gjøsund og Vebjørn Selbekk

---

Valdebatt i Bergen

I kveld klokka 20.00 arrangerer kyrkjelyden Salt Bergen politikarutspørjing i samarbeid med Vårt Land. Også Dagen er med på samarbeidet. Debatten vil bli leia av Alf Gjøsund saman med sjefredaktør Vebjørn Selbekk i Dagen.

---

Han er til vanleg religionsredaktør i Vårt Land, men leier no avisa si satsing på ein ny TV-kanal. Saman med sjefredaktør Vebjørn Selbekk i Dagen skal han leie eit topplag av stortingskandidatar i den han lovar blir ein litt annleis valkampdebatt.

– Vi ønskjer blant anna å få til ein annleis debatt om abort. Vi ønskjer å få til ei samtale med det alvoret som temaet fortener. Eg er veldig spent på om vi får dette til, eller om politikarane går rett i skyttargravene. Denne debatten er altfor viktig til å bli redusert til krangling.

---

Panelet

Desse stiller i paneldebatten:

  • Ketil Solvik-Olsen, Frp
  • Torbjørn Røe Isaksen, Høgre
  • Ane Breivik, Venstre
  • Kjell Ingolf Ropstad, Kristelig Folkeparti
  • Kjersti Toppe, Senterpartiet
  • Arild Hermstad, Miljøpartiet De Grønne
  • Marte Mjøs Persen, Arbeidarpartiet
  • Nicholas Wilkinson, Sosialistisk Venstreparti

---

Kristenpolitisk oppgjer med KrF-utbrytarar

I tillegg til paneldebatten med dei etablerte stortingspartia, vil dei som får med seg debatten i kveld få oppleve noko som aldri før har skjedd:

Partileiar Kjell Ingolf Ropstad frå KrF vil møte to utbrytarar frå sitt eige parti, som no representer kvart sitt utfordrarparti til KrF. Dag Sele representerer partiet Sentrum og Tomas Moltu kjem frå Partiet De Kristne (PDK).

– Sentrum og PDK utgjer på mange måtar kvar sine ytterpunkt i det politiske landskapet. No utfordrar dei Ropstad frå kvar si side. Det er første gang desse tre får bryne seg på kvarandre, seier Gjøsund.

Triellen mellom KrF; PDK og Sentrum blir leia av Vebjørn Selbekk.

Gryande uro for utanforskap

Eit anna tema som vil bli løfta fram i debatten er den gryande uroa blant mange kristne for ei kjensle av utanforskap i det samfunnet. Mange som har typiske kristenkonservative standpunkt i saker som handlar om blant anna samlivsetikk og abort, opplever at det er eit trongare rom for dei i den offentlege debatten.

– Det er synd viss Oslo Symposium skal vere aleine om å sette ord på dette. Det å skape utanforskap er oppskrifta på å skape eit samfunn med meir polarisering og konfliktar, seier Gjøsund.









Les mer om mer disse temaene:

Hans Andreas Starheim

Hans Andreas Starheim

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Politikk