Politikk

Kristenkonservativt symposium i motvind

OSLO SYMPOSIUM: For to år sidan kunne Bjarte Ystebø juble over at draumen om å samle KrF og Frp i regjering endeleg var gått i oppfylling. To år seinare ser det mørkt ut for symposie-leiaren sin politiske visjon.

– Når ikkje-sosialistisk side samarbeider får dei fram det beste i kvarandre, seier Ystebø til Vårt Land.

Han legg ikkje skjul på at ein viktig motivasjon for å etablere symposiet i Oslo var nettopp å skape samling på borgarleg side. Bjarte Ystebø har leia konferansen heilt frå starten i 2011, og lenge såg det ut til at norsk politikk bevegde seg i den retninga han ønskte.

Sist gong Oslo Symposium var samla var i 2019. Då var det uttalte målet om å samle borgarleg side i ei og same regjering nådd.

---

Oslo Symposium

  • Konferanse som arrangerast i Oslo 20.–21. august
  • Bak står eit kristenkonservativt miljø knytt til avisa Norge IDAG og ICEJ
  • Leiar for Oslo Symposium er Bjarte Ystebø, som også er assisterande redaktør i Norge IDAG
  • Blant talarane i år er Kjell Ingolf Ropstad, Sylvi Listhaug, Trond Helleland, Yair Netanyahu og Israel ambassadør Alon Roth

---

Dårlegare tider

I dag er situasjonen ein heilt annan. Frp er ute av regjering. Meiningsmålingane gjev borgarleg side lite håp om å vinne valet, og Frp ligg an til å gjere sitt dårlegaste Stortingsval sidan tidleg 90-tal. KrF har knapt hatt målingar over sperregrensa sidan retningsvalet vart avgjort hausten 2018.

Om dei ferskaste målingane held heilt inn til valdagen, vil borgarleg side ha mista meir enn kvar tredje veljar i løpet av åtte år med regjeringsmakt.

– Eg meiner vår sak står seg. Skal vi få gjennomslag for kristne verdisaker, treng vi ei samla borgarleg side. Å skape forståing for våre saker, som til dømes når det gjeld abort og samlivsspørsmål, er eit evig prosjekt. Det er noko kvar generasjon må kjempe for på nytt, seier Ystebø.

Bjarte Ystebø på Oslo Symposium 2019

Konservative verdisaker har tapt

Nettopp i mange av desse verdisakene har det vore rørsle dei siste åra, men ikkje berre i den retninga Oslo Symposium sine talarar vanlegvis tek til orde for. I fjor vart ei liberalisering av bioteknologilova vedteken, som blant anna tillet eggdonasjon for einslege. Regjeringa har nyleg lagt fram ei lov om forbod mot konverteringsterapi for homofile. KrF sitt gjennomslag om forbod mot tvillingabort var mindre enn det mange i partiet hadde håpa på under retningsvalsstriden.

– Åtte år med borgarleg regjering og to år med KrF som del av regjeringa har ikkje gjeve veldig store sigrar for desse kristne verdisakene. Betyr det at strategien om å arbeide for borgarleg samling ikkje har lukkast?

– Det er to grunnar til at desse sakene blir tapt. For det første har vi ikkje lenger eit fleirtalssamarbeid. Hadde Frp blitt i regjeringa og halde fleirtalet samla, så hadde KrF vunne bioteknologilova, seier Ystebø.

– For det andre er det vanskeleg å kjempe mot tidsanden.

Kontroversielt

Oslo Symposium har blitt kritisert for å vere ei polariserande kraft både i politikken og i Kristen-Noreg. Blant dei som skal stå på talarstolen i år er TV-predikanten Jan Hanvold. Også pinsepastor Stephan Christiansen skal tale. Han har hatt eit kritisk søkelys på seg knytt til rolla han tidlegare hadde som leiar av ungdomsrørsla Jesus Revolution.

– Vi skil ikkje mellom dei som er innanfor og utanfor det gode selskap. Hanvold er ein interessant person og heilt naturleg blant våre talarar, seier Ystebø.

Jan Hanvold på Oslo Symposium 2015

Biskopar ikkje invitert

Medan fleire pastorar og andre representantar frå det frikyrkjelege Noreg er representert på konferansen, så er det klart største norske kyrkjesamfunnet, Den norske kyrkja, lite representert. På talarlista står berre leiar for den konservative Bønelista, Jo Hedeberg, og den omstridde presten Einar Gelius. I den siste tida har han fått mest merksemd for sine islamkritiske utspel.

Ingen biskopar i DNK er invitert.

– Vi legg ikkje vekt på kva kyrkjesamfunn som er representert. Det finst interessante folk innan alle retningar, men akkurat no er det ein liberal og miljøradikal fløy som utgjer hovudstraumen i Den norske kyrkja. Det hadde vore fint om nokon av biskopane der delte våre synspunkt. Men det gjer dei ikkje, og difor er dei ikkje invitert, seier Ystebø.


Les mer om mer disse temaene:

Hans Andreas Starheim

Hans Andreas Starheim

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Politikk