Politikk

Vedum skuldar KrF og V for å ha forlete sentrum

SOMMARINTERVJU: Senterpartiet, KrF og Venstre vaks ut av den same motkulturrørsla. Når det no går så bra for Trygve Slagsvold Vedum sitt parti, og så dårleg for dei to andre, er det fordi dei har svikta sentrumsverdiane, meiner han.

– Johanna, prøv å bli ferdig rundt dei fuglekassene så fort som mogleg!

Vi sit i lummert vêr på tunet til Trygve Slagsvold Vedum og pratar om dei gode meiningsmålingane partiet hans har hatt i sommar. Med eit halvt auge følgjer han med på døtrene som står i stigar opp etter løeveggen og malar. Under takskjegget heng det ei lang rad med fuglekasser.

– Det der er tårnseglarar. Det er nokre av dei mest fantastiske fuglane som finst. Når dei flyg herfrå, så flyg dei heilt ned til Tanzania utan å lande ein einaste gong. Dei ligg på luftstraumane heile vegen.

---

Trygve Magnus Slagsvold Vedum

  • Fødd i Hamar i 1978. Vaks opp på familiegarden på Ilseng i Stange kommune, der han framleis bur.
  • Partileiar i Senterpartiet sidan 2014.
  • Vald inn på Stortinget sidan 2005.
  • Landbruks- og matminister i Stoltenberg II-regjeringa i 2012-2013.

---

Det er nok det han håpar å gjere sjølv, senterpartileiaren. I fleire år har partiet hans segla høgt på dei politiske luftstraumane. No handlar alt om å ikkje miste oppdrifta gjennom dei siste vekene med valkamp. Klarar dei det, kan dei segle inn til tidenes beste valresultat.

– Skal vi tru meiningsmålingane så ligg Senterpartiet godt an til å slå toppresultatet 16,7 prosent frå 1993. Er målet på gjere eit historisk godt val?

– Vi har ikkje sett ei slik linje for kor høgt vi skal gå, men i 2019 gjorde vi vårt beste lokalval i vår 100-årige historie.

Partileder i Senterpartiet, Trygve Slagsvold Vedum. Sommerintervju hjemme på gården i Ilseng før valget 2021.

Usikker på sentrum

Tidlegare i sommar hylla tidlegare KrF-statsminister Kjell Magne Bondevik Senterpartiet for å ha peika på Trygve Slagsvold Vedum som statsministerkandidat. Han meinte at ein eigen statsministerkandidat frå eit sentrumsparti kunne vere første steg mot å reise opp att sentrum som ei kraft i norsk politikk.

Men Vedum sjølv er meir usikker på om det gamle sentrum framleis eksisterer.

– Problemet er at det kan leggast så mykje i det omgrepet, alt etter kven du spør. Eg er vaksen opp i folkehøgskulerørsla, der Venstre var partiet. Men spør faren min, som har vore folkehøgskulelærar og venstremann. Han vil seie at han ikkje kjenner att det gamle partiet sitt, at Venstre i dag er noko heilt anna.

Det Vedum kan vere einig med Bondevik om, er at det misvisande å snakke om Arbeidarpartiet og Høgre som dei to motpolane i politikken. Snarare tvert imot, meiner senterpartileiaren, og viser til at desse partia tidlegare ofte har stemt saman i dei store sakene, som politireforma og sjukehusreforma, medan Senterpartiet har gått motsett veg.

Meiner V og KrF ikkje lenger er motkulturparti

Spørsmål om sentralisering, kommunesamanslåingar og EU-medlemskap let seg ikkje plassere langs ein høgre-venstre-akse, meiner Vedum. Då vil han heller vekke til live att det gamle motkulturomgrepet i norsk politikk. Vedum meiner at Senterpartiet står aleine att som representant for motkulturen i sentrum, og at det er grunnen til at det går så bra med hans parti, og så dårleg med dei to andre.

I starten vart eg kalla bakstreversk, og så vart eg kalla populist. Men eigentleg er det tradisjonell sentrumspolitikk

– Motkulturrørsla var den folkelege rørsla. Men sjå på regionreforma. Der meiner KrF og Venstre at dei veit så mykje betre enn folk, og at dei kan sitte og sentralstyre korleis regionane skal sjå ut. Det meiner eg er eit brot på heile den tradisjonen vi har stått i. KrF som kom ut av lekmannsrørsla som ein protest mot biskopane og embetsstyret, og Venstre som vart til i kampen mot embetsmennene og for folkestyret. Det er ikkje det dei står for i denne regjeringa.

Vedum er heilt overtydd om at det er dette som forklarar kvifor det går så bra med Senterpartiet, og så dårleg med dei to andre sentrumspartia. Når KrF og Venstre samarbeider med og sit i regjeringa med Høgre, så let dei ifølgje Vedum etter seg eit stort motkulturelt rom som Senterpartiet er aleine om å fylle.

– I starten vart eg kalla bakstreversk, og så vart eg kalla populist. Men eigentleg er det tradisjonell sentrumspolitikk.

Partileder i Senterpartiet, Trygve Slagsvold Vedum. Sommerintervju hjemme på gården i Ilseng før valget 2021.

– Jordbruk er den mest politiske næringa

Vedum har arbeidsskjorta på. Han har leigd vekk mykje av garden for å få tid til å vere partileiar, men ein liten del driv han sjølv. Det er ikkje meir enn at han klarar seg fint utan å leige inn arbeidskraft, utanom litt hjelp frå sin gode nabo Olav. Men det er det mange andre som ikkje gjer. Om lag 18.000 arbeidsinnvandrarar er med på å halde norsk jordbruk i gong, særleg gjeld dette sesongarbeid som jordbærplukking.

– Kan jordbruket klare seg utan utanlandsk arbeidskraft?

– Ikkje slik det er organisert no. Men det hadde vore flott om det kunne vore meir norsk ungdom som plukka jordbær. Og så ser vi til dømes innan mjølkeproduksjon at mjølkerobotar er på full fart inn, og også innan grønsakproduksjon så vil det komme meir automatisering. Det kan redusere behovet. Men ein viss grad av utanlandsk sesongarbeid vil det fortsette å vere.

– Vi importerer arbeidskraft i sesong, vi importerer fôr, vi importerer matkorn og vi eksporterer ost. Er ikkje landbruket då eigentleg ei veldig internasjonal næring?

– Det er den mest politiske næringa, også utanfor Noreg. Nesten alle vestlege land har ulike former for landbruksstøtte. Handel med mat vil det alltid vere, men det aller meste av maten som blir produsert i verda, kryssar aldri ei grense. Men Noreg er eit lite land og vi er sårbare.

Vil forhandle med EU

Nettopp fordi Noreg er ein liten og sårbar økonomi, er det mange som meiner at det er viktig å halde på det det handelssamarbeidet vi har med Europa gjennom EØS-avtalen. Men Senterpartiet er ikkje einig i at EØS er den beste avtala Noreg kan få, og ønskjer å forhandle fram noko nytt.

Sp har lenge hatt i sitt program at dei ønskjer å erstatte EØS-avtalen med handels- og samarbeidsavtalar med EU. Men nytt i programmet som er vedteke for neste stortingsperiode er ei formulering om at dei først vil greie ut alternativ til EØS-avtalen. Kor fort skal Noreg då seie opp avtalen, om Sp får bestemme?

– Heile premisset er om Noreg skal vere medlem i EU, slik som Arbeidarpartiet og Høgre meiner. Men takka vere folkerøystingane i 1972 og 1994 så er vi ikkje medlemmer. Då er alternativet å ha ei avtale med EU, der EØS er éi mogleg avtale. Vi seier at vi vil forbetre våre avtaler med EU. Målet er å få til ei betre avtale enn dagens EØS-avtale, seier Vedum.

– Vi set ikkje noko i spel

Då Storbritannia bestemte seg for å gå ut av EU, tok det fleire år å få på plass ei ny avtale, utanfor EØS. Sveits, som valde å ikkje bli med i EØS-rammeverket då Noreg gjorde det, brukte enda lengre tid på å få på plass ei avtale, og har vore i ulike forhandlingar med EU nesten samanhengande sidan 1994 og fram til i dag. Men ingenting av dette ser ut til å skremme Vedum frå å utfordre det norske EØS-medlemskapet.

– For det første er ikkje Noreg Sveits. For det andre har det gått veldig bra økonomisk med Sveits, samanlikna med nabolanda. Poenget er at eg har sjølv vore statsråd og hatt ei usemje med EU, og det vart sagt at det var umogleg å gjere noko betring av den avtalen. Men vi fekk til betringar. EU var ueinige, men vi fekk det til.

Men utmelding med ein gong blir det ikkje. Senterpartileiaren lovar å skunde seg langsomt om han får makt over Noregs handelsavtaler etter haustens val.

– Vi tek ein ting om gongen. Det er ingen som har tenkt å sette noko i spel. I første omgang så vil vi i haust prøve å stoppe implementeringa av jernbanepakka. Det neste er energipolitikken.

Partileder i Senterpartiet, Trygve Slagsvold Vedum. Sommerintervju hjemme på gården i Ilseng før valget 2021.

Ikkje samsnakka med Støre

I juni 2005, året då den første raudgrøne regjeringa vart til, sat dåverande Sp-leiar Åslaug Haga på ein felles pressekonferanse med Ap og SV og la fram ei liste med 155 saker som dei tre partia var samde om. Gjennom valkampen kom dei tre partia med ei rekke fellesutspel, og det var ein avgjerande strategi å legge vekt på kor mykje semje det var mellom partia, og å spele ned konfliktar som kunne skape tvil om samarbeidsevna på raudgrøn side.

I årets valkamp er stoda ei ganske anna. I regjeringsresolusjonen som Sp-landsmøtet vedtok tidlegare i sommar, er det ei Ap/Sp-regjeringa som blir løfta fram, og SV er ikkje nemnt med eitt ord. Og heller ikkje nokon felles valkampstrategi med Ap har så langt kome på tale.

– Kor ofte snakkar du med Jonas Gahr Støre?

– Eh... jamleg, eigentleg.

– Dagleg, kvar veke...?

– Nei, nei. Når Stortinget er i gong, så møtast vi kanskje kvar veke. Det hender vi samtaler litt på tekstmelding.

– Diskuterer de utspel?

– Nei, det gjer vi ikkje. For vi er to ulike parti. Men det hender sjølvsagt vi snakkar om konkrete saker. Eg opplever at vi har ein god tone.

---

4 spørsmål

– Kva har vore din viktigaste politiske siger den siste perioden?

– Eg må nok seie at det at Senterpartiet tok ei så sentral rolle som vi gjorde i å samle partia i krisepakkeforhandlingane i Stortinget, det er eg litt stolt av.

– Kva av dine eigenskapar får du mest bruk for fram mot valet?

– Gleda eg har i å møte og prate med folk. Det er noko av det mest spanande eg gjer som partileiar. Eg er veldig glad i folk.

– Kven av dine politiske motstandarar set du mest pris på?

– Ei av dei eg har det mest artig med når vi møtast, er faktisk Siv Jensen. Kunne også trekt fram Knut Arild, men ser eigentleg ikkje på han som ein motstandar.

– Kva gjer du i sommar?

– Då blir det gjerne ein del måling og fiksing på garden. Ferie er å gjere noko anna enn å drive med politikk. Og så skal eg på hyttetur, så det blir litt Noregs-ferie.

---

Blanke ark

– Så når valdagen er over og de skal sitte ned og forhandle, så kjem de dit med blanke ark?

– Vi har mykje historie, då! Men vi har ikkje forhandla i forkant. Det er mange som har hatt ønske om at vi skal avklare saker før valet. Men det kjem jo an på valresultatet. Det kjem til å bli tøffe rundar etter valet, men eg opplever også at vi har snakka oss meir og meir saman på viktige saker.

At partia har snakka mindre saman før dette valet enn dei gjorde før førre gong vi fekk ei raudgrøn regjering, meiner Vedum er heilt naturleg. Han viser til at Arbeidarpartiet den gongen låg høgt på 30-talet på målingane, medan Sp og SV begge låg rundt 6—7 prosent. Når Sp og Ap no er nesten jamstore, vil ikkje Vedum forskotere noko som helst før valresultatet er klart.

– Du må hugse at i mange val så var skilnaden på eit godt val og eit dårleg val for Senterpartiet om vi enda på ti eller elleve mandat. Men sidan 2017 har det vore mykje større veljarrørsler til oss. No ser dette heilt annleis ut.

– Ropstad og Solberg gjorde ein grov feil

– Dersom eg seier tru, kva tenkjer du då?

– Då tenkjer også på tvil. Tru og tvil speglar kvarandre. Det er litt sørgeleg at det er så lite plass for undring i det politiske ordskiftet. Eg har alltid vore oppteken av tru, men det er ikkje noko eg er skråsikker på.

– Men kallar du deg sjølv kristen?

– Ja det gjer eg.

– Kor viktig vil det vere for Sp å stå opp for typiske kristne verdispørsmål?

– Det er eit av dei områda kor eg er mest kritisk til vala dagens KrF-leiing har tatt. Det at ein trakk så djupt vanskelege etiske tema inn i ein politisk hestehandel om regjeringsdeltaking. Eg meiner det vart gjort ein grov feil av Solberg og Ropstad, når dei valde å politisere eit så vanskeleg spørsmål på den måten.

Vedum meiner at noko av det fine med norsk politikk har vore evna til å jobbe frå gode, breie kompromiss, og at dagens abortlov er eit døme på det.

– Om eg kan bidra med éin ting, så er det at vi i denne samtalen snakkar med innestemme og finn breie løysingar. Det kan ikkje vere slik at vi kvart fjerde år endrar på dette. Vårt ønske er at slike tema skal behandlast breitt. Så får vi sjå kva styrkeforhold det blir mellom partia.




Les mer om mer disse temaene:

Hans Andreas Starheim

Hans Andreas Starheim

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Politikk