Politikk

Bollestad toppar stortingslista til KrF i Rogaland – 20-åring sikra andreplassen

Etter jamn kampvotering, kapra Hadle Rasmus Bjuland andreplassen. Viss KrF held fram i regjering, kan det gi 20-åringen plass på Tinget.

Etter to rundar med høyringssvar, som alle pekte på Olaug Bollestad i forkant, sikra nestleiaren den venta topplassen på stortingslista til heimfylket torsdag.

– Eg er 100 prosent overtydd om at Norge treng eit sterkt verdiparti i åra som kjem, seier Bollestad i ei pressemelding.

I dag har rogalandsbenken på Stortinget éin representant frå Kristeleg Folkeparti (KrF), Sigbjørn Toskedal. Han er første vara når Bollestad er landbruks- og matminister i regjeringa.

Jamt – men debutanten sigra

20-åringen Hadle Rasmus Bjuland enda på andreplass etter kampvotering. Det var jamt mellom han, Alf Magne Grindhaug og Anne Kristin Bruns, som havna på tredje- og fjerdeplass.

Viss KrF og Bollestad held fram i regjering etter valet i 2021, sikrar det 20-åringen stortingsplass.

- No må me bevise for veljarane i Rogaland at KrF er partiet for verdiskaping i heile fylket, som tar kampen mot einsemd og tar vare på dei aller mest sårbare i samfunnet, seier Bjuland i pressemeldinga.

Desse fekk dei øvste listeplassane:

1. Olaug V. Bollestad (58)

2. Hadle Rasmus Bjuland (20)

3. Alf Magne Grindhaug (54)

4. Anne Kristin Bruns (57)

5. Solveig Ege Tengesdal (57)

6. Oddny Helen Turøy (46)

7. Arnfinn Clementsen (67)

Alf Magne Grindhaug fekk tredjeplassen på stortingslista til Rogaland KrF.

---

Fakta:

---

Enkelte av artiklene i Vårt Land er forbeholdt abonnenter. Vi jobber hver dag for å levere dagsaktuelle nyheter og god journalistikk. Bli abonnent og få tilgang til alt innholdet vårt. Er du allerede abonnent? Takk for at du støtter oss så vi kan fortsette å levere kvalitetsjournalistikk hver dag!

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Annonse
Annonse

Mer fra: Politikk