Politikk

Barn som sårt treng ein fristad, kan få sommaren redda. Slik vil regjeringa sikre ferieglede

Utan Røde Kors hadde ikkje Ruzana Jomisko og barna hatt råd til å reise. No skal 150 millionar kroner til frivillige sikre familiar med låg inntekt ein god koronasommar.

Me går ei annleis ferietid i møte. Restriksjonar og smittetiltak set ein stoppar for aktivitetar som kunne letta ein tung kvardag.

– Og viss det er nokon gong dei mest sårbare treng å møte andre og få gode opplevingar, så er det no, seier barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF).

Han møter Røde Kors i solgløttet på Grønland i Oslo for å høyre kva som kokar på kontoret. Organisasjonen får no 34 millionar kroner til sommaraktivitetar, og planlegg 74 opphald for over 3600 deltakarar – smittefritt.

– No har alt vore stengt. Og så kjem sommaren. For mange kan han bli tøffare enn nokon gong, og derfor trur me dette er ekstra viktig i år, seier Ropstad.

49 frivillige organisasjonar får oppgåva, og 150 millionar kroner til å gjennomføre ho.

Gratistilbod har gitt minner for livet

Ruzana Jomisko krysser fingrane. Ein plass på Røde Kors sitt «Ferie for alle»-tilbod ville forandra sommaren for ho og barna.

– Me har vore med tre gonger før, og turane har vore fantastiske, seier ho.

Åleinemora mimrer tilbake til ein solfylt sommar i Moss for fire år sidan. Dottera oppdaga at ho elska havet, og fekk springe til stranda kvar dag. Sonen spelte tennis, og fekk fleire nye vener.

– Men me får ikkje reist så mykje elles. I fjor drog me ingen stader om sommaren. Økonomien set grenser, for alle inntektene går med til vanlege utgifter som leilegheit og mat.

Ruzana Jomisko
Ruzana Jomisko ser tilbake på Røde Kors-somrane med stor takksemd. Åleinemora håpar denne ekstra rare ferien kan bli løfta av ein plass på Ferie for alle. Foto: Erlend Berge

«Ferie for alle» – men er det for alle?

I fjor fekk «Ferie for alle» over 10.000 søkarar, og under halvparten kom med. Jomisko jobbar deltid, og er åleine med to ungar å forsørge. Likevel er det ikkje sikkert dei får plass.

– Viss det ikkje går, betyr det at nokon andre treng det meir enn oss, seier ho.

Røde Kors har fått eit enomt trøkk frå det offentlege hjelpeapparatet i koronatida. Mange grip etter eit lyspunkt.

– Så me håpar å kunne rulle ut tilbod som treff så mange som mogleg. Det er inga tvil om at dette trengst, seier Elisabeth Dahl Hansen, seniorrådgivar i Røde Kors.

Utanom leirar og turar, leiker dei med fleire andre alternativ: Å dele ut aktivitetspakkar, klede, utstyr og arrangere dagsturar.

– Våre frivillige er ivrige og omstillingsdyktige. Det er dei som gjer dette mogleg, seier Dahl Hansen.

Ferien forandrar òg dei frivillige

I kalenderen til Bente Elisabeth Holm er fire veker sett av for å gi ungar som treng det gode opplevingar.

– Å skape minner for livet med desse familiane gjer meg så glad, seier ho, klar for sin tolvte runde med «Ferie for alle».

– No betyr det nok ekstra mykje å kome seg vekk. Mange treng friske opplevingar, seier Holm.

Nokre av minnene varmar Holm framleis. Ho er ikkje i tvil om at ho skal halde fram som Røde Kors-frivillig.

– Du løyser ikkje problema til familiane med desse aktivitetane. Men du er til stades der og då. Dei gode augneblinka er så verdifulle.

– Når tre av dei tøffaste gutane står på busstasjonen ved avreise og seier «du skulle vore med oss heim», gjer det noko med deg, seier ho.

Kjell Ingolf Ropstad besøker Røde Kors. Bernt G. Apeland, generalsekretær i Norges Røde Kors
Takker og bukker: Generalsekretæren i Røde Kors og hans rådgiver takker for millionene fra ministeren. Foto: Erlend Berge

Må hindre virus i store folkemengder

I regjeringa sitt krav til dei 49 frivillige organisasjonane, står det at «aktivitetane som gjennomførast må vere i tråd med gjeldande smittevernreglar».

Røde Kors har allereie ein idé om å dele inn måltidsgrupper i t-skjorter med ulike fargar.

– Det hastar litt å planlegge. Jo før me får føringar for sommaren, jo betre kan me gjere klart, seier Elisabeth Dahl Hansen.

Ruzana Jomisko lukkar ho auga og smiler sukkande når ho blir spurt om kva ein ferieplass hadde betydd i år.

– Då hadde eg og ungane blitt veldig, veldig glade.

– Å få bli med på Ferie for alle er ei stor gåve, seier Jomisko.

LES MEIR:

– Barnefattigdom er ikke noe stort problem i Norge, mener Jan Arild Snoen. Marte Gerhardsen taler ham imot.

Anne Kristin skamma seg som mor, men fekk hjelp. No oppmodar ho andre til å gjere det same

Et lyspunkt i koronatiden: Her synger og danser Lillohjemmet på balkongen

Lavinntektsmødre jobber ikke mer – selv om barna er i barnehage

---

Feriehjelp

  • Røde Kors har arrangert gratistilbodet «Ferie for alle» sidan 2001. Barnefamiliar med økonomiske utfordringar får delta.
  • I år arrangerer Røde Kors 74 opphald for over 3600 deltakarar.
  • Blant dei andre som får tilskot er Frelsesarmeen, Kirkens Bymisjon, NLM, Acta og Skjærgårds.
  • Opp mot 111.000 barn under 18 år levde i ein heim med vedvarande låginntekt i 2018.
  • 11,3 prosent av alle barn bur no i ein husstand definert under låginntekt.
  • Til saman 49 organisasjonar får tilskot til sommaraktivitetar i år. Ordninga blei oppretta i 2014.
  • Mellom anna tilbyr dei leirar, lån av fritidsutstyr, leksehjelp og bandleir.
  • Kjelder: Røde Kors og SSB.

---

Les mer om mer disse temaene:

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Politikk