Pokerpengar frå NM til skatteparadis
Foreiningane for blodkreftsjuke, svultspasientar og døve ønskjer å arrangere Norges første poker-NM. Men arrangørpengar hamnar i skatteparadis.
Nordmannen Felix Stephensen tapte finalen i poker-VM i Las Vegas i november. Som nummer to i turneringa fekk han med seg 35 millionar kroner i premiepengar.
John Locher
– Akkurat det er ikkje ein hyggjeleg tanke, vedgår generalsekretær Bjørn A. Kristiansen i Norges døveforbund.
– Dette burde ikkje Kulturdepartementet lagt opp til, og dette burde ikkje organisasjonane søkt om å få vere med på, seier Sigrid Klæboe Jacobsen i skattevaktbikkja Tax Justice Network – Norge, og held fram:
– Dei støttar opp om løyndomsindustrien i skatteparadis – ein industri som tek frå både rike og fattige land. Bruken av skatteparadis fører til at færre skattekroner kjem inn til det offentlege. Inntekter som til dømes trengs til forsking på kreft.