Pastor skremde born
Ein niåring vart vettskremt av ein forkynnande pastor på fotballkamp.
No reagerer mora til guten.
– Sonen min kom heim vettskremd. Det er forkasteleg å bruke ein idrettsarena til aktiv verving, anten det gjeld religion eller politikk, seier ho til avisa Møre-Nytt.
Niåringen var saman med fleire andre born på fotballkamp i Åmdalen på Sunnmøre før helga. I løpet av kampen spurde pastor Hans Reite dei ut om kristentrua. Han fortalde mellom anna at ufrelste hamna i helvete .