Paret hentar surrogatison. Ingen hentar Bridget. Ho blei funksjonshemma

Over 100 nyfødde babyar født ved surrogati stranda i Ukraina då pandemien ramma. No får para hente barna. Men ingen hentar fire år gamle Bridget. Ho er sterkt funksjonshemma.

Andrea Diez og mannen Fernando Montero frå Argentina viser fram sonen Ignacio, som er fødd av ei surrogatmor i Ukraina. Etter to veker i karantene i Kiev fekk dei omsider møte guten som har budd på eit hotell i byen. Han er fødd i april.
Publisert Sist oppdatert

– Det er ein draum.

Andrea Diez held sonen Ignacio i armane. Ho har kome til Kiev, Ukrainas hovudstad, for å hente heim guten ho og ektemannen Fernando Montero har fått ved hjelp av ei ukrainsk surrogatmor. Saman med ti andre par frå Argentina og Spania har eit av landets største surrogatifirma, BioTexCon, invitert til pressekonferanse.

Diez og Montero er begge 46 år, og har fleire mislukka fertilitetsforsøk bak seg i heimlandet, fortel dei til New York Times. Difor valde paret å bli foreldre med ukrainsk hjelp.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP