Palestinsk ambassadør: – Det er me som er offera
KRIG: Palestinsk ambassadør i Noreg sår tvil om israelske sivile vart drepne forrige helg. Samstundes ber ho Noreg ta initiativ til fredssamtalar, men utan Hamas.
OKKUPERT: – Det er ikkje me som starta denne krigen. Me er folket som har blitt undertrykt og diskriminert og okkupert, seier ambassadør Marie Antoinette Sedin.
Erlend Berge
Når ambassadør for dei palestinske sjølvstyresmaktene Marie Antoinette Sedin møter Vårt Land, har ho ei notatblokk i handa. Ho kikkar ned i den når ho under intervjuet listar opp tal. Tal på palestinarar drepne av israelske soldatar og busettarar. Tal på skadde palestinarar og tal på palestinske heimar som er jamna med jorda.
Vårt Land møter henne for å høyra korleis dei palestinske styresmaktene ser på den eskalerande valdsspiralen. Laurdag gjekk Hamas til angrep på både militære og sivile mål. Mellom dei sivile drepne var folk som var med på ein musikkfestival og bebuarar i fleire kibbutzar.
– Kva tenker du om at Hamas har drepe sivile på israelsk side?
Bestill abonnement her
KJØP