KULDE: Dei kalde dagane og nettane får større konsekvensar enn ei ekstra høg straumrekning for dei heimlause rundt i landet.

SPOR: Fleire stadar me oppsøkjer viser brukarutstyr at det nyleg har vore personar her.

PÅ LEIT: Liz Høivang og Georges Midre navigerar vant rundt på stadar der dei veit det ofte søv heimlause personar.

PARKERINGSHUS: Her låg det teppe tidlegare på dagen, men håpet er at personane som var her har funne seg ein overnattingsplass inne i varmen ein stad.

På leit etter dei som frys

Publisert Sist oppdatert

Nordlendingar og menneske frå dalstrøka innanfor ville nok ikkje blitt imponerte eller skremt av dei fjorten blå i hovudstaden. Likevel hadde nok Yr rett då dei sa at det kjentest som -20.

For dei som var tynnkledde eller ikkje hadde ei varm seng å leggje seg i, var det meir enn kaldt nok. Dei iskalde vindane frå Sibir skapte overskrifter om «kuldesjokk» og potensielle nye rekordtemperaturar.

Vårt Land har fått beskjed om å møte opp utanfor hovudinngangen til kjøpesenteret Gunerius, midt i Oslo sentrum. Der møter me tre av dei som bidreg til at desse ekstra kalde dagane skal føre til minst moglege skade blant menneska i rusmiljøet i byen.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS